Midtausten-konflikten har ei lang historie som har vore gjennom mange stadie. Det er ein konflikt som mange i Vesten har følgt nøye med på, og som fortset å engasjere mange. Ved å lese om alt frå "arabarar" til "UNRWA", kan du få ei betre forståing av kva som har skjedd og kvifor det fortsatt er problem i området. Målet er å gje deg kunnskap som gjer det lettare å følgje med på nyheiter og delta i diskusjonar om Midtausten-konflikten.
Midtausten-konflikten frå A-Å
-
Arabar
Ein arabar er ein som tilhøyrer ein kulturell og språkleg folkegruppe som spring ut frå Den arabiske halvøy. Arabarar pratar og skriv det same språket, arabisk, men språket har ulike regionale dialektar. Dei har og ein felles kulturarv, beståande av blant anna musikk, litteratur og kunst. Arabarar utgjer majoriteten av befolkninga i Midtausten, Nord-Afrika og Den arabiske halvøy.
-
Balfour-erklæringa
Dette er eit dokument som blei sendt frå Storbritannia sin utanriksminister, Alfred Balfour, til sionistleiaren Lord Walter Rothschild i 1917. I dokumentet uttrykkjer Balfour at den britiske regjeringa støttar planen om å “opprette ein nasjonal heim for jødane” i Palestina. Ifølge erklæringa skal ikkje opprettinga av ein jødisk stat påverke dei sivile og religiøse rettane til dei ikkje-jødiske gruppene i området.
-
Benjamin Netanyahu
Benjamin “Bibi” Netanyahu er statsminister i Israel. Han tilhøyrer det konservative partiet Likud. Sidan 2022 har Likud sete i ei koalisjonsregjering saman med svært høgrevridde og fundamentalistiske parti.
-
Blokade
Ein blokade er at ein aktør, ofte i forbindelse med ein konflikt, sperrar ein grenseovergang eller hamn. Sidan Hamas tok over makta i Gaza i 2007, har Israel og Egypt sett i verk ein blokade som sterkt avgrensar flytting av varer og menneske over grensa til og frå Gaza.
-
Busetjarar
Omtrent 700 000 israelarar har busett seg i det som definerast som okkuperte område. Disse kallast busetjarar. Internasjonal lov ser på disse busetjingane som ulovlege. Vald mellom busetjarar og den palestinske befolkninga er vanleg.
-
Fatah
Fatah er eit palestinsk politisk parti som er det styrande partiet på Vestbredden. Partiet sin leiar er Mahmoud Abbas. Fatah utgjer ein stor del av paraplyorganisasjonen PLO.
-
Folkemord
Eit folkemord skjer når ein har til hensikt å øydeleggje heile eller deler av ei befolkning. Ei befolkning definerast som ei gruppe som har felles nasjonalitet, etnisitet eller religion.
-
Gaza
Gaza er ein region sør i Palestina på omtrent 360 kvadratkilometer. Dette svarar til storleiken på Mjøsa. Ca. 2,4 millionar innbyggjarar bur i Gaza. Gaza grensar mot Israel i nord og aust, og Egypt i sør. Israel trakk ut sine busetjarar frå Gaza i 2005. Hamas har styrt Gaza sidan 2007. Sidan oktober 2023 har Gaza vore åstad for ein fullskala krig mellom Israel og Hamas.
-
Gislar
Eit gissel er ein person som ein fiende held på for å tvinge gjennom eit krav. Hamas tok omtrent 240 gislar frå Israel under angrepa sine den 7. oktober 2023. Nokre av disse blei sluppen fri i forbindelse med ei fangeutveksling med Israel.
-
Golanhøgda
Golanhøgda er eit fjellplatå i nærleiken av Genesaretsjøen. Israel tok området frå Syria i 1967. Omtrent halvparten av befolkninga der er arabiske drusarar. Drusarane er eit religionssamfunn som oppsto rundt år 1000 og som spring ut av islam. Drusarane bur i fjella i Libanon, Syria og Israel.
-
Hamas
Hamas er eit palestinsk politisk parti som og har ein humanitær og militær fløy. Hamas blei danna under den første intifadaen i 1987, og er grunnlagt på ein islamistisk ideologi. Hamas har styrt i Gaza sidan 2007.
-
Hauk og due
Politikarar, spesielt dei som har med utanrikspolitikk å gjere, kan bli tala om som anten ein hauk eller ei due. Ein hauk er ein som ønskjer å bruke militær makt til å oppnå måla sine. Ei due er ein som ønskjer å finne meir fredelege løysinger på konfliktar. Orda er forkortingar av krigshauk og fredsdue.
-
Hizbollah
Hizbollah er eit politisk parti med ein militær og humanitær fløy som held til i Libanon. Hizbollah tyder “Gud sitt parti” og er tufta på sjiamuslimsk islamisme. Det har vore mange valdelege konfrontasjonar mellom Hizbollah og Israel i områda som ligg nord i Israel og sør i Libanon. Hizbollah får pengestøtte og våpen frå Iran og Syria.
-
Holocaust
Holocaust er folkemordet som blei utført av nazistane mot jødane. Omlag 6 millionar jødar blei drepen under andre verdskrig, som varte mellom 1939 og 1945.
-
ICC
ICC står for International Criminal Court, på norsk Den internasjonale straffedomstolen. Domstolen held til i Haag i Nederland og dømmer enkeltmenneske for krigsbrotsverk, brotsverk mot menneskeheita og folkemord. 123 statar er medlemar og stiller seg bak ICC. Israel, USA og Russland stiller seg ikkje bak domstolen. Noreg støttar ICC sitt arbeid.
-
ICJ
ICJ står for the International Court of Justice, på norsk Den internasjonale domstolen. ICJ holder til i Haag i Nederland, og er FN sitt viktigaste dømmande organ. Dei 15 dommarane veljast av Sikkerhetsrådet og FN si generalforsamling. ICJ kan til dømes dømme i saker mellom to av FN sine medlemar.
-
IDF
IDF står for Israeli Defence Forces, og er namnet på Israel sin hær. IDF får våpen frå USA.
-
Intifada
Ordet intifada kjem frå det arabiske ordet for å riste. Ordet brukast for å skildre to periodar med ei auka grad av protestar og valdshandlingar frå palestinarar mot Israel. Den første intifadaen var mellom 1987 og 1995. Den andre intifadaen fann stad mellom 2000 og 2005. I den sistnemnde perioden gjennomførte palestinarane sjølvmordsattentat mot israelske mål.
-
Iran
Iran er ein stat i Midtausten som sidan revolusjonen i 1979 har vore ein islamsk republikk. Iran har aldri anerkjent Israel som stat og har gitt økonomisk støtte og våpen til grupper som har brukt vald mot israelske styrker. I april 2024 oppsto det direkte samanstøyt mellom Iran og Israel.
-
Islamisme
Islamisme er ein ideologi som tek utgangspunkt i at islam ikkje berre bør vere enkeltmenneske si valde tru, men og gjennomsyre alle delar av samfunnet.
-
Israel
Staten Israel blei oppretta i 1948. Før dette hadde Palestina vore under britisk styre. Alle som er jødar har rett på israelsk statsborgarskap dersom dei ønskjer det. I 2022 hadde Israel ca. 9,5 millionar innbyggjarar. Israel som land og folk har ei historie tilbake til oldtida.
-
Jerndomen
Jerndomen er Israel sitt mobile luftvernsystem. Dette systemet sørgjer for å skyte ned rakettar som fyrast av frå Gaza og inn i Israel.
-
Jerusalem
Jerusalem er den historiske hovudstaden i Israel/Palestina. Byen har stor religiøs tyding for jødar, kristne og muslimar. Jerusalem har vore det aller vanskeligaste temaet i fredsforhandlingar.
-
Jihad
Ordet jihad tyder “å streve” på norsk, og kan innan islam referere til to ulike tydingar. Først og fremst handlar jihad om å anstrenge seg for å leve etter Gud sitt bod. Nokre muslimar brukar og jihad til å prate om krigføring i Gud sitt namn. Ulike grupper refererer til jihad på forskjellige måter. Ordet jihadisme brukast om ei retning innan islamisme, der det tenkast at ein kan bruke vald for å opprette eit muslimsk styresett eller kalifat.
-
Jøde
Ein jøde er ein person som tilhøyrer ei jødisk etnisk gruppe med ein felles kultur. Jødar sin religion er jødedomen, men ein kan vere jøde utan å vere religiøs. Jødane har levd i diaspora, det vil seie spreidd utover i Midtausten og Europa, og seinare og i USA. Med utgangspunkt i kor i diasporaen dei stammar frå, delast dei inn i askenasiske jødar, sefardiske jødar og mizrahiske jødar.
-
Khan Younis
Khan Younis er ein by og flyktningleir i det sørlege Gaza der mange av dagens leiarar i Hamas vaks opp.
-
Kibbutz
Ein kibbutz er ein spesiell type jordbruksfellesskap som det finst ein del av i Israel. Ei gruppe menneske bur og jobbar saman, og deler likt på inntektene. Nokon kibbutzar nær Gaza blei angrepen av Hamas den 7. oktober 2023.
-
Libanon
Libanon er ein stat med ca. 5,5 millionar innbyggjarar, som deler grense med Israel i sør. I 1882 invaderte Israel Libanon, og okkuperte den sørlege delen av landet fram til år 2000. Israel invaderte Libanon igjen i 2006, med intensjon om å svekke Hizbollah, eit sjiamuslimsk parti med ein eigen militær fløy.
-
Likud
Likud er eit parti som står til høgre i israelsk politikk. Likud kom i regjering for første gong på 1970-talet og har hatt stor innflytelse på politikken sidan. Kjente statsministarar som Ariel Sharon og noverande Benjamin Netanyahu tilhøyrer dette partiet.
-
Mahmoud Abbas
Mahmoud Abbas er president for dei palestinske sjølvstyremyndigheitene på Vestbredden, med sete i Ramallah. Han er leiar for partiet Fatah og organisasjonen PLO.
-
Nakba
Nakba tyder katastrofe på arabisk. Ordet brukast om hendingane som fann stad i forbindelse med opprettinga av staten Israel i 1948. Ca. 750 000 palestinarar blei driven vekk frå heimane sine. Store flyktningleirar blei oppretta i område som ikkje blei ein del av Israel og i nabolanda. Mange palestinarar bur framleis i slike leirar.
-
Okkuperte område
Når ein snakkar om dei okkuperte områda i forbindelse med Midtausten-konflikten, snakkast det som regel om områda som Israel okkuperte under krigen i 1967. Dette gjeld Vestbredden, Øst-Jerusalem, Gaza, Golanhøgda og Sinai-halvøya.
-
Oslo-avtalen
Oslo-avtalen er ein avtale som blei forhandla fram mellom Israel og PLO i 1993. Den resulterte i ei oppretting av eit palestinsk styringsorgan. Planen var ei gradvis overgang til palestinsk sjølvstyre i dei okkuperte områda på Vestbredden og Gaza. Denne gradvise overgangen som ein blei einige om refererast til som Oslo-prosessen. Oslo-prosessen har ikkje blitt ført vidare etter år 2000.
-
Palestinaskjerf
Kefijeh er eit hovudplagg som tradisjonelt har blitt brukt av arabiske menn. I Noreg kallast dette palestinaskjerf, fordi mange i vestlege land bruker kefijeh som skjerf for å vise at dei støttar palestinarane si sak.
-
Palestinsk islamsk jihad
PIJ er ei militant rørsle som blei grunnlagd på Gaza-stripa i 1981. Palestinsk islamsk jihad utførte fleire sjølvmordsattentat mot sivile mål i Israel på 1990- og 2000-talet. PIJ meiner at staten Israel ikkje er ein legitim stat, og har heile vegen vore motstandarar av Oslo-avtalen og andre fredsforhandlingar. PIJ har vore ei rørsle i vekst dei siste åra, grunna aukande misnøye med Fatah og Hamas blant den palestinske befolkninga.
-
Palestinske sjølvstyremyndigheiter
Dei palestinske sjølvstyremyndigheitene (på engelsk PA for Palestinian Authority) blei oppretta i 1994 som eit resultat av Oslo-forhandlingane. Yasir Arafat blei vald som palestinarane sin president. I dag fyllast denne rolla av Mahmoud Abbas.
-
Panarabisme
Panarabisme er ei førestilling om at alle arabarar tilhøyrer den same nasjonen. Etter at Det osmanske riket kollapsa i forbindelse med første verdskrig, blei det eit politisk mål for mange å samle alle arabiske folk i eit stort rike. Panarabismen har ikkje vore særleg gjeldande sidan 1960-talet.
-
PLO
PLO er ein paraplyorganisasjon for mange ulike palestinske interessegrupper. PLO står for Palestine Liberation Organisation. PLO representerar palestinarane i internasjonale organ, som i FN.
-
Rafah-overgangen
Rafah er ein by heilt sør i Gaza, nær grensa til Egypt. Her ligg ein av dei aller viktigaste grenseovergangane som ein må bruke for å få menneske og varer inn og ut av Gaza.
-
Ramallah
Ramallah er ein by på Vestbredden der dei palestinske sjølvstyremyndigheitene har sitt hovudkvarter. Byen ligg ca. 15 km nord for Jerusalem, og har omtrent 90 000 innbyggjarar.
-
Sinai-halvøya
Sinai-halvøya er eit område med hovudsakleg ørken som ligg mellom Suezkanalen og Israel og Gaza si sørlege grense. Israel okkuperte dette området i 1967, men gav det tilbake til Egypt i ein fredsavtale med landet i 1982.
-
Sionisme
Sionisme er nemninga på ein jødisk nasjonalisme. Sionismen oppsto i organisert form i Europa på siste halvdel av 1800-talet.
-
Suezkrisen
Suezkrisen var ei militær krise som oppsto i 1956 i forbindelse med kva land som skulle kontrollere den svært viktige Suezkanalen. Frankrike, Storbritannia, Israel og Egypt var involvert. Ein større konflikt blei avverga og våpenkvile blei innført etter press frå USA.
-
Sykes-Picot-avtalen
Sykes-Picot-avtalen frå 1916 er ein i utgangspunktet hemmeleg avtale inngått mellom Storbritannia og Frankrike der dei la ein plan om korleis dei skulle dele Midtausten opp mellom seg etter den forventa kollapsen av Det osmanske riket. Kartet som blei teikna opp hedra ikkje Storbritannia sine lovnadar til sionistane om ein stat i Palestina, og heller ikkje løfte til arabarane som kjempa mot Det osmanske riket under første verdskrig.
-
Terror
Terror tyder redsle eller skrekk. Terrorhandlingar er aksjonar eller andre handlingar som utførast for å skape redsle hos andre. Både valdshandlingar og trugslar om slikt definerast som terror. Når ein stat utførar terror mot befolkninga si, kallast dette eit terrorregime.
-
Terrorisme
Terrorisme brukast oftast om situasjonar der ikkje-statlege grupper eller enkeltpersonar utførar terrorhandlingar. Det brukast vald mot sivile for å skape frykt og påverke politikk.
-
Tostatsløysing
Midtausten-konflikten er ein territoriell konflikt kor to partar har eit ønskje om å bu i og råde over det same territoriet. Frå Oslo-prosessen på 1990-talet har ein prøvd å finne vegen fram til ei løysing der territoriet kan delast i to, og to nasjonalstatar kan styre kvart sitt område. Det finst menneske på begge sider av konflikten som ikkje ønskjer denne løysinga, og det er stor ueinigheit knytta til korleis disse to statene skal sjå ut.
-
Transjordan
Transjordan er namnet på den staten som vi i dag kjenner som Jordan. Transjordan tyder “på andre sidan av Jordan”, som er ei stor elv som no danner grensa mellom Jordan og Israel/Palestina. Området fekk namnet sitt av Storbritannia, som hadde Transjordan som britisk mandat fram til i 1946, då landet blei eit sjølvstendig kongedøme.
-
UNRWA
UNRWA blei stifta av FN i 1949 for å hjelpe palestinarane som blei driven på flukt under opprettinga av staten Israel i 1948. UNRWA gjev støtte til dei som definerast som palestinske flyktningar eller etterkomarane av disse. I dag omfattar dette ca. seks millionar menneske. UNRWA jobbar i Gaza, på Vestbredden, i Libanon, i Syria og i Jordan. UNRWA hjelper med helsetenester, skulegang, sosiale tenester og humanitær hjelp.
-
USA
I kraft av å vere ei supermakt i perioden kor Midtausten-konflikten har spela seg ut, har USA hatt stor innflytelse på aktørane i konflikten. Spesielt etter krigen i 1967 har USA vore i tett allianse med Israel, og støtta dei militært.
-
Vestbredden
Vestbredden viser til området på vestsida av elven Jordan, aust for Jerusalem. Vestbredden blei okkupert av Jordan i 1949 og seinare okkupert av Israel i 1967. Vestbredden blei gitt palestinsk sjølvstyre i forbindelse med Oslo-avtalen på 1990-talet.
Kjelder:
Danbolt, I. (Mai, 2024). Den internasjonale domstolen beordrer Israel til å stanse Rafah-offensiven – hva skjer nå? FN-sambandet. https://fn.no/nyheter/den-internasjonale-domstolen-beordrer-israel-til-aa-stanse-rafah-offensiven-hva-skjer-naa
FN-sambandet. (Juni 2024). Hva gjør UNRWA? FN-sambandet. https://fn.no/om-fn/fns-organisasjoner-fond-og-programmer/fns-hjelpeorganisasjon-for-palestinske-flyktninger-unrwa
FNs regionale informasjonskontor. (Juni,2024). Den Internasjonale Domstolen. UNRIC. https://unric.org/no/den-internasjonale-domstolen/
International Court of Justice. (2024) International Court of Justice, About the Court. https://www.icc-cpi.int/about/the-court
Jensehaugen, J. (Juni 2024) Transjordan i Store norske leksikon. https://snl.no/Transjordan
Leerand, D. og Jensehaugen, J. (Juni 2024). Palestinas historie etter 1948 i Store norske leksikon. https://snl.no/Palestinas_historie_etter_1948
Leerand, D. (Juni 2024). Balfour-erklæringen i Store norske leksikon. https://snl.no/Balfour-erkl%C3%A6ringen
Leerand, D. (Juni 2024). Suezkrisen i Store norske leksikon. https://snl.no/Suezkrisen
Leerand, D. (Juni 2024). Sykes-Picot-Avtalen i Store norske leksikon. https://snl.no/Sykes-Picot-avtalen
Limbong, A. (2024). The Long History Between Israel and Iran. NPR. https://www.npr.org/2024/04/21/1246236286/the-long-history-between-israel-and-iran
Malmanger, N. (Juni, 2024). palestinaskjerf i Store norske leksikon. https://snl.no/palestinaskjerf
Skare, E. (Juni 2024). Palestinsk islamsk jihad i Store norske leksikon. https://snl.no/Palestinsk_islamsk_jihad
Sitter, N. (Juni 2024). Terrorisme i Store norske leksikon. https://snl.no/terrorisme
Sitter, N og Liuski, A. (Juni 2024) Terror i Store norske leksikon. https://snl.no/terror
The Economist. (2023). The A to Z of the Arab-Israeli Conflict. The Economist Group Limited. London. https://www.economist.com/the-economist-explains/2023/11/20/the-a-to-z-of-the-arab-israeli-conflict
Biletekjelder:
Fatah: CC-by-4.0 Madi Mohammad for Fars News Agency
Oslo-avtalen: U.S. National Archives and Records Administration. Falt i det fri.
Sykes-Picot-avtalen: Royal Geographical Society. Falt i det fri.
Balfour-erklæringen: Falt i det fri.
Shutterstock.